undervisning

Permakultur, kva er det?
Permakultur betyr å lære fra naturen. Målet er å gjere liva våre meir bærekraftige og meir produktive og samtidig redusere mengda arbeid og energi som er krevd. Vi gjer dette ved å bruke naturen som modell for å designe hus, hagar, skogar, bygd og by. Hos oss på Overvoll ynskjer vi å skape eit øko samfunn der lokale bedrifter, individuelle besøkande og fastbuande kan finne ei felles rytme der vi alle har som mål å vekke og sette lyskastaren på resursar som ellers ikkje kjem så godt fram i vårt nærmiljø. Vi er spesielt opptatt av permakultur i sone 1, der folket bur, skal funger optimalt. Vi har derfor stor fokus på å sette av tid til god kommunikasjon og helse.

Permakultur KURS hos oss:
”Introduksjon til Permakultur”. Omvisning og teori frå Permakultur designer i Sound of Nature prosjektet.
Utdanning “Designer i Permakultur”. Vi henter inn eksterne foredragshaldarar og permakulturdesign lærarar frå både inn- og utland.

Folk og Permakultur
Hos oss vil du ALLTID finne nokon som er engasjert i Permakultur prosjektet Sound of Nature!
Du vil få mulighet til å bli kjent med work awayers frå inn- og utland. Du vil også etter kvart møte på skuleungdom i aksjon som har sin eigen permakulturhage og forskningsstasjon i og rundt det vesle drivhuset.

Vi legg stor vekt på interaksjon, inkludering og aktiv tilstedeværelse og oppfordrar til utveksling av erfaring av på tvers av landegrenser, alder, yrke og status. Vi er her på naturen sine premisser og brukar tid på å observere og handle på ein respektfull måte. Vi etterstreber å leve våre liv der energi og ressurs regnskapet er respektfullt fordelt mellom natur, dyr og menneskjer.

Rosenmetoden, kva er det?
Rosenmetoden er ei terapeutisk tilnæring til kropp og psyke. Rosenmetoden fell naturleg i hop med praksis av Permakultur. Begge har i seg ei respektfull tilnæring til livet og interesse for det naturlege i mennesket og for våre behov. På gården har vi tilgang på sertifisert terapeut i Rosenmetoden. Rosenmetoden består både av avlastning av spent muskulatur, refleksjon, deling av erfaring og samtale. Du kan bestille ein samtale med terapeut om du ynskjer ein individuell tilbakemelding og veiledning.

Rosenmetode KURS hos oss:
Introduksjonkurs i Rosenmetoden: Vi arrangerar introduksjonskurs. Dette er kurs som ikkje krev noko kunnskap på førehand, kun ei genuin interesse for sammenheng mellom levd liv, kropp og psyke. Kurset går stort sett over ei langhelg og passer for deg som står litt fast i gamle mønster men som ynskjer å bli bedre kjent med deg sjølv, i lag med andre.

Fagkurs i Rosenmetoden:
Dette er kurs tiltenkt allerede sertifiserte Rosenmetode terapeuter, lærare og veiledarar i Rosenmetoden. Her utfordrar vi terapeut rolla. Vi ser på nye innfallsvinklar for å få djupare forståing av rolla vår som behandlar, veiledar og lærar.